Tannhelse, et offentlig ansvar
Eit offentleg ansvar

Kari Odland, tannlege og høgrepolitikar, vil skrote den off- entlege tannlegeordninga og gi alle tannlegar rett til å behandle pasientar på staten si rekning (BT 24. juli). Dette skal ifølgje Odland også gjelde barn og unge, og andre prioriterte pasientgrupper etter tannhelsetenestelova. Ho meiner offentleg anbod og avtalar med private tannlegar skal sikre dei offentlege tannhelseoppgåvene. Men kor tid vart det eit problem for Høgre at offentlege tannlegeklinikkar, til dømes i Lofthus, behandlar vaksne, betalande pasientar når det er ledig kapasitet der? Vil Høgre forsvare ei sterk sentralisering på dette området også?

Tannhelse er eit offentleg ansvar. Å sikre eit desentralisert tilbod er politikk. At prioriterte pasientgrupper som til dømes pasientar i kommunal omsorg ikkje får eit akseptabelt tannhelsetilbod, løysast ikkje ved å redusere det offentlege tilbodet. Ei marknadsregulert tannhelseteneste er ikkje løysinga. Det er regjeringa sitt ansvar å hindre skeivprioriteringar innanfor den offentlege tannhelsetenesta.

Stortinget har nyleg vedtatt at allmenntannhelsetenesta ikkje lenger skal vere ei fylkesoppgåve, men eit kommunalt ansvar. Vedtaket vart gjort av H, Frp, KrF og V - sjølv om Den Norske Tannlegeforening etterlyste ein grundigare utgreiing før konklusjonen vart fatta. Korleis ansvarsoverføringa vil påverke struktur, rekruttering og tenestekvalitet i dei ulike regionane, er uvisst.

KJERSTI
TOPPE
<< Forrige         23 av 48        Neste >>

Sponsorer

Skriv ut